Far Out Oddity

Tirsdag 15. juni 2010 kl. 00.00 til søndag 12. september 2010 00.00 Norsk Trikotasjemuseum

Far Out Oddity

Seks unge kunstnarar står bak sommarutstillinga ”Far Out Oddity” på Norsk Trikotasjemuseum i Salhus.

Alle kunstnarane har ein felles bakgrunn frå tekstil på Kunsthøgskolen i Bergen, men dei har stilt kvarandre fritt i forhold til tema, materiale, uttrykksform og innhald. Det har skapt ei variert utstilling der dei ulike verka både snakkar saman og utfyllar kvarandre, men på sett og vis også er i opposisjon til kvarandre.

Tittelen refererer til kunstnarlege prosessar i eit større perspektiv. Ordet ”oddity” viser til noko som er besynderleg og annleis. I denne samanhengen handlar det om å skape ei anna vinkling på kvardagen, historia og samtida, og om å legge til rette for undring og engasjement. Tatoverte kvinner, slitesterke husmødre og hjernevaska sexobjekt er berre litt av typegalleriet du møter på utstillinga. I tillegg handlar det og om ein fascinasjon for forholdet mellom kultur og natur, menneskelege band og kjensler.

  • Mona Høie (1987) har fokusert på 20-talets freakshows og kvinnelege tatoverte oddities.
  • Aoi Yoshizawa (1983) er interessert i tekstil som eit medium i menneskelege relasjonar. Kan tekstil som materiale hjelpe oss å kommunisere med kvarandre?
  • Kiyoshi Yamamoto Farias (1982) er fascinert av naturen. Med tekstil og lys vil han inne i utstillingsrommet skape ein installasjon som gir ei kjensle av å vere ute og i naturen.
  • Tora Endestad Bjørkheim (1986) utforskar madonna/hore-komplekset med utgangpunkt i kvinna som både sexobjekt og husmor.
  • Marit Tunestveit Dyre (1983) har jobba med positive kjensler og opplevingar, og fokusert på korleis desse fysisk påverkar kroppen. Er det mogeleg å visualisere kjensler?
  • Elisabeth Petch (1986) tar utgangspunkt i eigen familie og gjennom eit tekstilt assosiasjonsmateriale portretterar ho ein generasjon slitesterke kvinner.

Kunsthistorikar Jorunn Veiteberg opnar utstillinga 28. mai 2010. Lett servering.

Ta buss til Åsane Terminal, og deretter buss 260 til Salhus. Du kan også ta buss 280 fra Bergen sentrum. Denne går direkte, men tar litt lenger tid.

khib, utstilling, salhus

Hvor skjer det?