Annonse
bergen360

Arna Senioruniversitet

Tirsdag 7. februar kl. 11.00 til 13.00, Ljoshall, Indre Arna

Tema: Landskapsutvikling og brevariasjonar på Vestlandet
Forelesar: Atle Nesje
Møtestad: Ljoshall
Tid: 11.00 -13.00
Nesje foreles om utviklinga av landskapet på Vestlandet; om korleis fjordane og dalane blei forma frå eit sletteland før istida sette inn, og til slik landskapet er vorte i dag, som eit resultat av istider og mellomistider. Han vil koma inn på årsaker til klimaendringane som førte til istider og mellomistider. Vidare får vi høyre om klimautviklinga på Vestlandet etter siste istida som tok slutt for omlag 11.000 år sidan og korleis breane har variert som eit resultat av endringane. Tilhøyrarane vil få forklart om dagens brear, som til dømes Hardangerjøkulen og Folgefonna, er restar frå siste istid eller ikkje.

Vist 11 ganger. Følges av 1 person.

Var du med?

En anbefalte Person_gray

Hvor skjer det?